• Me held til i:
  • Solbjørgsdalen 96, 5282 LONEVÅG
  • Du når oss på:
  • 56 39 26 75
  • Me er på jobb:
  • Man - Fre: 07:00 - 15:00

Dette er Vevle Mek.

Vevle Mek. Verkstad

Dyktige fagfolk. Moderne maskiner

Vevle Mek. Verkstad AS er ei fleksibel bedrift med 11 tilsette som tilbyr skreddarsydde løysingar på produkt i stål, aluminium og syrefaste materialer til industri, bygg og anlegg, havbruk, og private. Me samarbeider med arkitektar, entreprenørar og andre kundar om å finna gode løysingar.

Vår filosofi er å ha effektive, moderne maskiner, samt medarbeidarar med høg fagkompetanse. Me er godkjent som lærebedrift, og har lærlingar for å bidra til å utvikla fagmiljøet innanfor stål og metallarbeid.

Me tar på oss alle typar reparasjonar av landbruks-og anleggsutstyr, samt tilhøyrande utstyr. Me har lang erfaring med denne typen arbeid, og kan sørga for at skada og slite utstyr kan få mange nye brukstimar.

Produksjonen vår er sertifisert iht NS EN 1090.

Våre sveisarar er sertifisert iht. Iso 9606-1.

Håvard borer